Intervju med Mathilde
Eg heiter Mathilde og er 18 år gammal. Eg er lærling her i Fremskridt Laks. Eg starta her i juni 2024.
Mi interesse for fisk starta i ung alder då eg fekk vera med far min på jobb. Sidan fekk eg sommarjobb som 16 åring i Fylkesnes Fisk og seinare helgejobb på same stad. Så kom akvakulturlinja når eg skulle velje vidaregåande som heilt ny på Bømlo og då satsa eg på den.

Då eg skulle velja vidaregåande utdanning, var det oppretta ei ny linje innan akvakultur på Bømlo. Då valde eg sjølvsagt denne. Eg gjekk på Rubbestadneset vidaregåande skule der eg gjekk naturbruk blå linje og så akvakultur vg2. Eg fekk praksisplass hos Fremskridt Laks, og fann ut at dette var ein stad eg kunne tenkja meg å jobba.
Her i Fremskridt Laks har eg no tatt krankurs og byggjer vidare på D6 kurs frå skulen.
Ein dag på jobb for meg startar klokka 8 på kontoret før me kjører ut på anlegga og driv med dagleg røkting av fisk og vedlikehald av anlegg. Me jobbar kvar dag for god fiskevelferd og gode resultat.
Eg trivst godt her, då me er ei lita bedrift med hyggelege og kjekke kollegaer. Eg som lærling får utfordra meg på mykje og dette hjelper dei meg med.