Fremskridt Logo

Laksen


Kva driv oss og kva ønskjer me å oppnå? Kort fortalt – ein glad laks.

Kjerneverksemda vår er oppdrett av laks i sjø, det vil sei frå dagen fisken vert sett i sjøen på ein av våre lokalitetar til dagen me leverer til slakt. Kjernen i alt me gjer, er laksen og at den har det bra. Går det bra med laksen, går det bra med oss. Kvar dag går me på jobb for å røkta laksen, med best mogeleg fiskevelferd i hovudet og hjarta.

Laksen og folkjo. Foto.

Havbruk handlar om trygg og berekraftig matproduksjon. Havet utgjer over 70 prosent av overflata på jorda, og må bidra til produksjon av mat til ein stadig aukande verdsbefolkning.

Som eit lite familieeigd selskap, er me alle tett på fisken og kjenner på kroppen når noko ikkje går slik det skal. Me har tru på at kort tid i sjø, god plass og god sjøkvalitet, føre var på helse og lusepåslag bidreg til god fiskevelferd – og gjer det me kan for å nå desse måla.

Behandling av Laks. Foto

Me er stolte av det me gjer, og at me gjennom mange år har levert gode resultat med omsyn til fiskehelse, fiskevelferd og svært høg overleving i sjøfasen.

Dette gir seg utslag i god økonomi, som igjen opnar opp for mogelege investeringar i drifta og vidare utvikling av våre operasjonar mot ei enda meir berekraftig næring.

Innovasjon og berekraft: Sjå meir informasjon om prosjekt som lukka anleggsteknologi, brønnbåtar, behandlingsteknologi og stor smolt frå Hardingsmolt.


Torleif med laks. Foto
Aga i soloppgang. Foto