Brønnbåtane Hordagut og Horda Pioneer
Brønnbåtane er og ein viktig innsatsfaktor for å drifta konsesjonane våre i sjø på ein berekraftig måte. For å sikre god fiskevelferd er det viktig med tilgang til godt utstyrt brønnbåt til rett tid.
Hordagut og Horda Pioneer som me eig ein andel i, saman med andre lokale oppdrettarar er blitt gode verktøy i kampen mot lakselusa, og me har svært gode resultat frå behandlingar om bord her utan bruk av medikament. Systemet om bord har god kapasitet og ein konstruksjon som gir skånsam behandling av fisken på veg om bord, i brønnane og på veg ut i merd etter behandling. Båtane har og full filtrering av lus, både på inntak, frå brønnane og utløpet, dette bør vera sjølvsagt og industristandard.
For oss, som ein liten oppdrettar, betyr det svært mykje for god drift og fiskevelferd å ha tilgang til desse kapasitetane. No kan me planleggje og får båtar når me treng dei.